Inn på tunet som alternativ opplæringsarena

Pilotprosjektet i «Inn på tunet-løftet» med fokus på vidaregåande skule har gjennom arbeidsverkstader denne våren sett nærare på kva som skal til for at ungdomar kan nytte eit Inn på tunet-tilbod

Aktørkart frå workshopen
Aktørkart frå workshopen

Inn på tunet kan vere ein alternativ opplæringsarena for ungdomar, der dei kan utvikle kunnskap, evne og haldningar til å meistre liva sine, og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.

Dette var utgangspunktet for tre digitale arbeidsverkstadar som prosjektet har gjennomført denne våren, i samarbeid med Protomore Kunnskapspark. Føremålet var å kartlegge behov og utfordringar for å kunne ta i bruk Inn på tunet tenester i den vidaregåande skulen. På verkstadane deltok aktørar som alle jobbar med ungdomar i målgruppa: Møre og Romsdal fylkeskommune med Oppfølgingstenesta og PPT-koordinator, Romsdal vidaregåande skole, koordinator for SLT (Samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak), barnevernstenesta for Molde, Aukra og Vestnes, Molde voksenopplæringssenter, Statsforvaltaren, med fleire.

Mange gode hjelparar

Gjennom arbeidet i verkstadane har det kome tydeleg fram at Inn på tunet kan bidra til auka motivasjon for å gjennomføre vidaregåande utdanning. Ungdomar som strevar med å gjennomføre skulekvardagen kan med tilbodet få oppleve meistring og kjenne at dei er til nytte. Inn på tunet er såleis eit av fleire aktuelle «verktøy i verktøykassa» for å hjelpe ungdomar gjennom vidaregåande skule.

Det er også tydeleg at det er mange aktørar som både kan og vil hjelpe ungdomar til å gjennomføre vidaregåande opplæring, men kanskje ikkje alltid like klart kvar ansvaret ligg. Og raskt kjem spørsmålet om korleis eit Inn på tunet-tilbod kan finansierast.

Verkstadane har gjeve prosjektet svært nyttig kunnskap og innsikt til det vidare arbeidet med å kartlegge mogelege barrierar for val og kjøp av Inn på tunet-tenester.

Publisert 08.07.2021