Informasjonsfilm om Inn på tunet som arena for læring og meistring

– Den største forskjellen Inn på tunet gir meg, er mestringsfølelse. Den veks og vert større år for år, seier Tore Vangen. No går han på vidaregåande skule. Heilt sidan 4. klasse har han hatt ein skuledag i veka hos Inn på tunet-tilbydar Stall Stølan.

Bildet viser Stall Stølan
Skjermdump frå informasjonfilm om Inn på tunet

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstilbod på gardsbruk. Tilbodet gjev læring,  meistring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.

Statsforvaltaren har fått laga ein kort film som informerer om Inn på tunet. Her får vi møte Tore Vangen ved Tingvoll vidaregåande skole. Ein dag i veka får han kjenne meistring, læring og trivsel hos Inn på tunet-tilbydar Stall Stølan.

Tilbydarar i Møre og Romsdal

Det er i dag 22 godkjende Inn på tunet-tilbydarar i Møre og Romsdal, spreidd i heile fylket. Oppdatert oversikt finn du her.

Garden som pedagogisk ressurs

Garden er ein pedagogisk ressurs, og det er mogleg for skulane for å nytte eit Inn på tunet-tilbod i kortare eller lengre periodar. I samarbeid med skulen kan tilbydar utvikle og skreddarsy eit opplegg som er tilpassa ungdomen, og som gjev praktisk opplæring knytt til kompetansemål og læreplan.

Nasjonal rettleiar

I «Nasjonal veileder for Inn på tunet – Gården som læringsarena for barn og unge» er det vist korleis ein i praksis kan utvikle eit skreddarsydd tilbod som sikrar at kompetansemåla vert nådd, ei god ansvarsfordeling og at alle krav vert følgd. Her er også døme på avtale mellom skule og tilbydar.

Eit Inn på tunet-tilbod er fleksibelt både i tid, mengde og storleik. Tilbodet kan kome raskt i gang og verte tilpassa eleven sine behov. Fleire tilbydarar kan også sørge for transport til og frå garden.

Gjennom å nytte Inn på tunet kan ein hindre utanforskap, og gje eleven gode rammer for å oppleve meistring, læring, utvikling og trivsel. Inn på tunet kan bidra til at fleire ungdomar fullfører vidaregåande opplæring. Tilbodet vil vere eit supplement til den tilpassa opplæringa som skulen har i dag.

Verkar dette interessant?

Ta i så fall kontakt med ein Inn på tunet-tilbydar for å dialog om mogelegheitene.

 

Publisert 13.02.2023