Ynskjer fleire ungdomar inn på gardstunet

Kva skal til for at ungdomar kan nytte eit Inn på tunet-tilbod? Det skal eit prosjekt leia av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sjå nærare på.

Aina K. Tangen fortel om sitt tilbod på Akslahaugen gard i Midsund
Aina K. Tangen fortel om sitt tilbod på Akslahaugen gard i Midsund Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Landbruksdirektoratet har tildelt Statsforvaltaren 2,4 millionar kroner til eit toårig pilotprosjekt. Prosjektet skal kartlegge mogelege barrierar for val og kjøp av Inn på tunet (IPT)-tenester, med spesielt fokus på vidaregåande elevar og ungdom som har rett på vidaregåande opplæring.

Minske fråfall
Skuleåret 2019/2020 var det 2,3 prosent fråfall frå vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Oppfølgingstenesta til fylkeskommunen jobba hausten 2020 med ca. 600 ungdomar som ikkje var tilknytt vidaregåande opplæring.

Kanskje kan eit IPT-tilbod i skuletida gjere at færre ungdomar fell ut av vidaregåande opplæring?

Fagdag
Ein viktig føresetnad for å kunne kartlegge utfordringane ved innkjøp av IPT-tenester, er at aktuelle kjøparar og andre aktørar har kjennskap til IPT. Difor arrangerte prosjektet ein fagdag i form av eit webinar onsdag 3. mars. Fagdagen var open for alle interesserte, og vi hadde nærare 40 deltakarar. Dei fekk høyre om garden som arena for læring, meistring og trivsel frå tilbydarnettverket IPT Møre og Romsdal. Tre IPT-tilbydarar fortalde om korleis deira gard vert nytta som læringsarena, og to vidaregåande skular delte sine erfaringar med kjøp av IPT-tenester. Vidare fekk vi høyre om ein ny kvardag med IPT, sett frå eit foreldrepar sin ståstad. Avslutningsvis vart det orientert frå Møre og Romsdal Fylkeskommune om fagfornyelsen og muligheitsrommet i ny overordna del av læreplanen.

Fokus på ungdomane sitt behov                                                                       

Ungdomane sitt behov vert sett i fokus når prosjektet i løpet av våren skal gjennomføre tre workshops i samarbeid med ProtoMore Innovasjonslab. Gjennom kreativitet, tverrfagleg innovasjon og eit sterkt menneskefokus skal workshops bidra til at pilotprosjektet utfordrar tankesett og etablerte sanningar. Deltakarane vil representere fleire ulike område: Vidaregåande skular, vaksenopplæring, barnevernstenesta, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), kompetanse på offentleg innkjøp, samferdsel, tilbydarar av Inn på tunet-tenester, m. fl. Målsetjinga med prosessen er å kome fram til to-tre konsept som skal testast ut frå skuleåret 2021/2022, i eit samarbeid mellom kjøparar og tilbydarar av IPT-tenester.

Publisert 10.05.2021