Løft for psykiatri, rus og arbeidstrening er godt i gang

Gode, grøne arbeidstilbod for menneske med psykiske utfordringar er på dagsorden i Inn på tunet-løftet 2 i Vestland.

Pilotkommunane Bømlo og Stad arbeider for utvikling av gode arbeidstilbod knytte til landbruket.  Prosjektet rettar seg mot psykiatri og rus. Dette er eit stort område, der ein finn svært mange ulike utfordringar og behov. 

Arbeid med planter er godt for helsa - Illustrasjonsfoto
Arbeid med planter er godt for helsa - Illustrasjonsfoto

Inn på tunet kan dekkje viktige behov for menneske i desse gruppene, og gardane kan leggje godt til rette for dei ulike brukarane.

Ikkje alle kan finne vegar til ordinært arbeid. Ein del menneske i desse gruppene vil ikkje kunne handtere å kome inn i det vanlege arbeidslivet på kort sikt, og nokon treng meir varig tilrettelegging. Felles for alle er behovet for meistring og kjensla av å vere til nytte.

På garden finst oppgåver som er enkle og andre som er meir kompliserte, og ein kan vere fysisk aktiv innandørs og utandørs. I tillegg er brukarane i mindre grupper og skal få oppleve å høyre til i eit positivt, sosialt miljø. Dei terateutiske verknadane kontakt med dyr har er godt dokumentert, og vi veit no også mykje om positive verknader av å stella med grøne vekstar. 

Den første rapporten er sendt til Landbruksdirektoratet, og han viser at det alt er gjort mykje godt arbeid. 

 

 

Publisert 10.05.2021