Pilotprosjektet i Vestland er innanfor tenesteområdet psykiatri, rus og arbeidstrening. 

I prosjektperioden skal vi kartleggje kva utfordringa ein møter ved kjøp av Inn på tunet-tenester og kva kompetanse som trengst. Vi skal også gjere ei vurdering av kostnader og kvalitet ved bruk av Inn på tunet-tenester, dra nytte av tidlegare erfaringar, finne løysingar og prøve ut tiltak  

Prosjektet har knytt til seg Bømlo kommune og Stad kommune som pilotkommunar. Gjennomføringa av prosjektet går føre seg i kommunane.  Statsforvaltaren og andre  skal bidra med kompetanse og støtte i arbeidet og har prosjektleiinga. 

Kommunane skal gjennom tverrfagleg arbeid finna “proppar” i systema og gjennom   dokumentasjon og nært samarbeid med den nasjonale prosjektleiinga også arbeida for nasjonale endringar som står i vegen for gode, tilpassa tenester for målgruppene. 

Les heile prosjektplanen her